Runde, som ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal, er det sørligaste store fuglefjellet i Noreg og i Skandinavia. Her har sjøfuglovervaking gått føre seg i ei eller anna form sidan 1959. Ein finn artar som lunde, lomvi, alke, toppskarv, krykkje, havsule og storjo hekkande her. I 2007 blei Runde ein nøkkellokalitet i SEAPOP, og i 2011 blei krykkjekolonien i Steinvågsundet på Aspøya i Ålesund underlagt denne nøkkellokaliteten. Kontaktperson: Signe Christensen-Dalsgaard, NINA

Runde sett frå vest.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Lokalisering og karakteristikk

Runde (62°24’N 005°37’E) er ei øy på 6,2 km² som ligg ytterst i havet i Herøy kommune, sør i Møre og Romsdal, like nord for Stad. «Fugleøya Runde», det sørlegaste store fuglefjellet i Noreg, er eit ynda turistmål. Kvart år er det mange titusentals personar som besøker øya med dei bratte grasbakkane og dei høge klippene for å få seg eit glimt av denne storslåtte vestlandsnaturen, samt å sjå dei mange tusen sjøfuglane som hekkar der. Artar som lunde, alke, lomvi, havsule, toppskarv og krykkje hekkar i grasbakkane, steinurene og bergveggane på den vestlege delen av øya. På det nordlegaste og vestlegaste punktet på øya ligg Runde fyr. Dette blei etablert i 1767 som ei følgje av mange store forlis i området. I 2002 blei fyret automatisert, og i dag blir fyrvoktarboligen brukt som turisthytte. Det er i dag (per. 1. januar 2017) 117 fastbuande på øya, som er bunden til fastlandet med bru, steinfylling og tunellar. Dette sambandet blei opna i mars 1982. I dag er ein god del av arealet på øya enten fuglefredingsområde eller naturreservat for å verne om naturen og dei sårbare fugleartane som hekkar der. Fuglelivet på øya blei freda i 1957 på initiativ frå lokalbefolkninga. I 1981 blei fredingsområdet oppretta. Dette omfattar fire fuglefredingsområde på Runde, samt eit fuglelivsfredingsområde omkring Runde og Grasøyane nordaust for Runde. I 1996 fekk også Goksøyrmyrane status som naturreservat. I fuglefredingsområda er det ferdselsforbod i perioden 15. mars – 31. august.

Klippene på Runde gjev gode hekkehabitat for sjøfugl.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Tilkomst

Til Runde kjem ein seg ved hjelp av bil då øya er bunden til øyane innanfor og til fastlandet med bruer, fyllingar og tunellar. For å kome seg til sjølve fuglefjellet på sørvestsida av øyane, der dei fleste sjøfuglane hekkar, må ein ta beina fatt. Då parkerer ein på bilparkeringa i Goksøyra og følgjer den merkte stien som går opp på platået, gjennom Goksøyrmyrane, og opp til lundeura. Det er eit rikt nettverk av merkte stiar på fjellet på Runde. Desse kan ein følgje til utkikspunkt der ein får sett dei fleste sjøfuglartane som hekkar på øya.

Toppskarv hekkar i steinurer ved foten av klippene.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Dyre- og fugleliv

På Runde har ein frå gammalt av funne store hekkebestandar av alle dei vanlege fuglefjellsartane. På det meste var det ca. 250 000 par hekkande sjøfugl på øya. Til dømes hadde ein ikkje mindre enn 100 000 par hekkande krykkjer Rissa tridactyla, 100 000 par lundar Fratercula arctica, 10 000 par lomvi Uria aalge, 3-4000 par alker Alca torda, 3000-4000 par havhest Fulmarus glacialis og 5000 par toppskarv Phalacrocorax aristotelis. Men spesielt etter det siste årtusenskiftet har sjøfuglane på Runde hatt det vanskeleg, og hekkebestandane er betydeleg redusert og i nokre tilfelle borte. Den siste havhestungen kom på vengene i 2001, og i 2005 inntrefte kollapsar i bestandane av både alke, lomvi og lunde. Fram til då hadde alkefuglbestanden vore relativt stabil. I skarveura nordvest på øya var det då toppskarvbestanden var på topp på 1980-talet ikkje mindre enn 5000 hekkande par, altså verdens største koloni av arten. Denne kolonien var tom i 2014. Ein finn rett nok nokre hundre par hekkande på vestsida av øya, men det er berre ein liten brøkdel av kva bestanden ein gong var. Krykkjebestanden, som då var spreidd rundt store delar av øya, nådde også nullpunktet i 2014. Alkefuglbestandane har og blitt kraftig redusert fram til starten av 2000-talet. Dei to sjøfuglartane som faktisk gjer det bra på Runde er havsule Morus bassanus og storjo Stercorarius skua. Etter at dei første havsulene etablerte seg i Rundebranden i 1946 har bestanden auka jamt og trutt til å bli Noregs største. Storjoane etablerte seg noko seinare på øya. Det første paret hekka i Goksøyrmyrane i 1980, og etter det har ein hatt ei jamn auke i talet på hekkefuglar. I 2015 hadde Runde Noregs største koloni av storjo når ein ser bort frå Svalbard.

Mange ulike fugleartar besøker og hekkar på Runde, og øya er difor også myke besøkt av turistar og fugleinteresserte om sommaren.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Av andre sjøfuglartar finst både teist Cepphus grylle, gråmåse Larus argentatus, sildemåse L. fuscus, svartbak L. marinus og fiskemåse L. canus hekkande på Runde. På Grasøya og Skjervøya, nordaust for Runde, finn ein også hekkande ærfuglar Somateria mollissima, samt makrellterner Sterna hirundo og raudnebbterner Sterna paradisaea. På Runde er det også etablerte havørnpar Haliaeetus albicilla. I 2010 hekka det første paret på øya, etter å ha vore fråverande som hekkefugl i 80 år. På våren, når yngre ørner trekker nordover langs kysten, og igjen ut på sommaren, når det blir ein del kadaver frå sjøfuglane pga. ungedød, ser ein ofte ansamlingar av havørner på øya. Då er 5-10 individ relativt vanleg å sjå.

I og med at det er mykje folk som trakkar rundt på øya, og det har vore slik over mange tiår, så er artslista på Runde betydelig. Mange, både større og små fuglar, er innom her på trekket, og då er det berre om å gjere å vere på rett stad til rett tid.

Av regelmessige pattedyr på Runde finn ein forskjellige smågnagarar som brunrotte Rattus norvegicus, husmus Mus musculus, småskogmus Apodemus sylvaticus og spissmus Soricidae. Vidare fins det piggsvin Erinaceus europaeus, oter Lutra lutra, mink Neovison vison, røyskatt Mustela erminea, steinkobbe Phoca vitulina, havert Halichoerus grypus og hjort Vercus elaphus. År om anna blir minken observert oppe i fuglefjellet, men heldigvis har det så langt ikkje blitt registrert betydelege skader der. Ein sunn oterbestand er med på å halde minken unna. Det blir også setje ut feller der det blir observert mink ellers på øya.

Menneskeleg aktivitet

Til Runde kjem det frå starten av mai til ca. midten av august titusenvis med turistar. Desse bur for det meste på campingplassen i Goksøyra, og derifrå besøker dei enten fuglefjellet til fots eller ved å bli med på guida båtturar rundt øya. Normalt er desse turistane flinke til å halde seg på nettverket av stiar, og dermed forstyrrarar dei ikkje sjøfuglane som hekkar i fjellet. Innanfor fuglefredingsområdet, med ferdselsforbod i perioden 15. mars – 31. august, er det stort sett feltarbeidarar frå Norsk Ornitologisk foreining avd. Møre og Romsdal som overvakar sjøfuglane ein finn i aktivitet. Tidligare sanka også lokalbefolkninga både egg og fuglar i fjellet, i hovudsak lundefugl, men på initiativ frå lokalbefolkninga blei fuglane i fuglefjellet freda i 1957, og etter dette blei det slutt på denne systematiske innhøstinga.

Goksøyrmyrane naturreservat på Runde.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Feltarbeid på sjøfugl

Det første feltarbeid som blei gjort på Runde blei starta opp av Per Steinar Myklebust, lærar på øya, i 1956. Frå og med 1956 og gjennom 1960-åra blei det systematisk ringmerkt store antall med sjøfugl i fjellet på Runde, noko som gav mykje ny viten på den tid. I åra 1972-1978 blei sjøfuglane overvaka gjennom eit prosjekt gjennomført av Norsk Ornitologisk foreining avd. Møre og Romsdal. Frå 1979 har dette prosjektet vore ein del av det nasjonale overvakingsprosjektet for sjøfugl. I 2007 vart Runde også ein nøkkellokalitet i SEAPOP med årleg overvaking av artane ærfugl, toppskarv, havsule, lunde, lomvi, krykkje og storjo. I 2014 blei dette også ein SEATRACK-lokalitet, der lundefugl blir instrumenterte med lysloggarar.

Som ei følgje av kollapsen i krykkjebestanden på Runde har arbeidet på arten blitt flytta til Steinvågsundet på Aspøya i Ålesund. Denne krykkjekolonien, som i 2017 var på ca. 700 hekkande par, blei ein del av nøkkellokaliteten Runde i 2011 og ein del av SEATRACK-prosjektet i 2014.

Feltarbeidet på Runde startar opp i første halvdel av april, med registreringar av fargemerkte lundar for å sjå på voksenoverlevelsen. Vidare går det kast i kast fram til ca. midten av august når ein er ferdig med feltarbeidet på storjo. Alt arbeidet blir utført av personar tilhøyrande Norsk Ornitologisk foreining avd. Møre og Romsdal.

Ein toppskarv får montert på seg ein GPS-loggar som skal samle inn data om kor fuglen dreg for å finne mat.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor